Ungdomsklubb på Finnås

Arrangementsgruppa i Finnås Sportsklubb ynskjer å starte opp eit permanent tilbod til ungdommane våre frå 6. klasse og oppover.


Me har allereie hatt to slike arrangement som har blitt godt tatt imot av ungdommane. Me planlegg å arrangere ulike ungdomskveldar omtrent ein gong per månad framover.


For å starte opp tilbodet treng me hjelp av føresette (eller andre vaksne) som kan vere med som vakter og liknande. Me vil trenge to føresette per arrangement.


Kan du vere med å bidra ber me deg ta kontakt med Therese Husa på telefon 92 28 79 26 eller epost therese.husa@gmail.com innan 15. desember. Sjå under for planlagte datoar.


Helsing Arrangementsgruppa i FSK




0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle