top of page

Strandryddeaksjon 2021

Denne helga deltok Finnås Sportsklubb på årets strandryddeaksjon "Rydd ei strand." Kl 10 la ein fin gjeng med store og små ut frå Kulleseidkanalen Gjestehamn, bevæpna med søppelsekker, hanskar og flytevest.

Både store og små var med og bidrog, her frå Ytre Håvik.


Årets aksjon vart sponsa av dei lokale fiskeoppdrettararane Fylkesnes Fisk, Bremnes Seashore, Fremskridt Laks, Lerøy Sjøtroll, Alsaker Fjordbruk og Varde Fiskeoppdrett som sytte for at alle lag og organisasjonar fekk 100 kr pr sekk som vart levert inn i samband med aksjonen.


FSK hadde i år meldt inn Ytre Håvik og Skjervika ved Hjartnesvågen, men til tross for gode tips om at her var mykje søppel å finne var det heldigvis ikkje slik.

Gjengen som plukka i ytre Håvik samla til ein velfortjent pust i bakken.


Søppel samla i ytre Håvik klar for opplasting og transport til lands.


Me får tru at alle desse åra med rydding og miljøfokus etter kvart byrjar å hjelpe sidan mengda søppel var betydeleg mindre enn før. Det har nok og vore rydda her for ikkje alt for lenge sidan.

Heile ryddegjengen samla etter endt aksjon. Framme frå venstre: Theo Waage, Linn Maiva Larsen Waage, Kira, Ella Waage, Erica Lutro, Sofie Waage, Nilia Nesse Geitung, Jacob Andersen, Emilia Eidesvik Våge, Leonora Madsen Helvik og Stian Waage. Inntil kontaineren frå venstre: Frode Grønnevik, Magnus Nesse Geitung, Naia Nesse Geitung, Bergljot Nesse Geitung, Øystein Våge, Kjell Leon Helvik og Idar Larsen. Oppå kontaineren frå venstre: Trym Holme Grønnevik, Hedda Holme Grønnevik, Ailin Nesse Geitung og Jonatan Eidesvik Våge.


Me seier oss godt nøgde etter aksjonen og meldte totalt inn 72 sekker. Takk til alle som var med å nytta laurdags formiddagen for å bidra til reinare strender på Bømlo.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page