Stopp i all aktivitet fram til 18. januar.

Oppdatert: jan. 4

Med bakgrunn i at regjeringa i dag innfører forsterka nasjonale smitteverntiltak har styret i Finnås Sportsklubb i kveld beslutta å stoppe all aktivitet, både sportsleg og anna som ikkje kan føregå digitalt, fram til 18. januar.

Artikkelen fortset under biletet.

Full stopp av all aktivitet i klubben er strengare enn det regjeringa har bestemt, men det er no særs viktig å bidra til å stoppe ei eventuell ny smittebølgje.


Stoppen i aktivitetane vil i fyrste omgang vare i 14 dagar, så blir det tatt ei ny vurdering i tråd med regjeringa sine retningslinjer den 18. januar.


Eventuelle spørsmål kan rettast til styreleiar Idar Larsen. Sjå for kontaktinformasjon.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle