top of page

Sonesamling på Våge

Laurdag 28. september arrangerte Hordaland Fotballkrets sonesamling på Våge Idrettsplass for kretsen si spelarutvikling i Sunnhordland.

Jenter 2012 i sving på Våge Idrettsplass

Først ut var jenter 2012 som starta si økt kl 10:30. Her er det jo svært gledeleg for klubben at vår eigen Hanna Shoba Mæland er ein av spelarane som er tatt ut og dermed var med på denne samlinga. Hanna var nøgd med ei god samling på Våge og syntest det var kjekt.

Hanna (t.h.) saman med ein av trenarane frå kretsen etter gjennomført samling

Kl 13:00 var det gutar 2012 sin tur. Her var Gaute Rydfjord Larsen frå Finnås SK og Andre Sørenes frå Bømlo IL med som såkalla "wild cards" for å få erfaring. Dei gjorde eit fint inntrykk og haldt nivået bra.

Gaute (t.v.) og Andre (t.h.)

Det er ingen tvil om at værgudane baud opp til dans, og alle 4 årstidene var representert på Våge i løpet av dei 5 timane samlingane varte. Heldigvis er anlegget vårt på Våge Idrettsplass veldig godt eigna til slike arrangement med både garderobar, tribune, og ikkje minst det heilt nye kiosk og allrommet for dei som treng å komme innandørs for å varme seg. Alt samla heilt tett på banen slik at ein slepp å bruke tida på å flytte seg mellom dei ulike delane av anlegget.


Me trur det er bra både for klubbane, spelarane og kretsen at ein reiser rundt og nyttar ulike anlegg til slike samlingar. Litt stas for klubben er det jo og. Det er difor ingen tvil om at me tar imot med glede også neste gong mogleigheita byr seg.


Utviklinga vidare vil sjølvsagt vere avhengig av kor mykje innsats ein er villig til å legge ned i trening, men både Hanna, Gaute og Andre kan vere stolte over innsatsen i dag. Me ynskjer dåke lykke til vidare.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments

Rated 0 out of 5 stars.
No ratings yet

Add a rating
bottom of page