Retningsliner for trening gjeldande frå onsdag 20. januar
I tråd med nye nasjonale retningsliner gjeldande frå onsdag 20. januar kan me no starte opp med trening igjen for dei fleste av våre aktivitetar. Fylgjande vert gjeldande i Finnås Sportsklubb frå og med onsdag 20.01.2021:
Felles for alle aktivitetar:
Deltaking skal registrerast i Rubic Laget Mitt for kvar enkelt aktivitet.
Nasjonale og lokale smittevernsreglar skal fylgjast.
Fotball i aldersbestemte klassar:
Trening kan gjennomførast som normalt, både innandørs og utandørs.
Fritak frå 1 meters regelen når det er naudsynt for å gjennomføre treninga.
Kampar og turnering vert utsatt.
Allidrett og turn:
Trening kan gjennomførast som normalt, både innandørs og utandørs.
Fritak frå 1 meters regelen når det er naudsynt for å gjennomføre treninga.
Aerobic og Zumba:
Trening kan gjennomførast som normalt, både innandørs og utandørs.
Maks 8 deltakerar på innandørstrening.
2 meters avstand skal haldast til andre deltakerar.
Oldboys og Jokerliga:
Desse aktivitetane startar ikkje opp i denne omgang.