top of page

Prosjektmidlar frå Sparebanken Norge

Finnås Sportsklubb har fått tildelt 268.000 kr frå Sparebanken Norge.


Sparebanken Norge logo

Sparebanken Norge, tidlegare Sparebanken Vest, har gjennom si ordning med prosjektmidlar også i år gitt eit fantastisk viktig bidrag til drift og utvikling av Finnås Sportsklubb.


Å få denne melding om tildeling personleg frå Banksjef avd. Bømlo og Kvinnherad, Vivi Tranøy Loftheim set me umåtelig stor pris på. Dette viser at sjølv om banken er stor, og større enn i fjor, er den framleis også lokal og deltek i det som skjer i distriktet vårt.


Sparebanken Norge er også bankfobindelsen vår som me nyttar til den daglege drifta av klubben. Her har me blant anna nettbank som er fullintegrert med rekneskap- og lønnsystemet vårt. For oss som frivillig organisasjon er det særs viktig å ha systemer som er intuitive og enkle i bruk. Skulle det likevel skje at me treng hjelp er me ikkje verre på det enn at me slår på tråden til banken.


Finnås Sportsklubb har mange ballar i lufta. Aktiviteten er stadig aukande. Nytt i år er blant anna eit juniorlag i fotball, og for fyrste gong på meir enn 20 år har me eit “komplett” fotballtilbod frå ein startar i 6 års alderen og heile vegen til oldboys.


Sjølv om fotball er den største gruppa vår har alle dei andre tilboda våre auka og i 2025 tilbyr me også barnetrim, turn, dans, volleyball, styrketrening, yoga, E-sport samt ein ungdomsklubb.


For første gong sidan midten på 90-talet vart det i februar spela volleyballkamp med FSK-logoen på brystet. Det er me utruleg glad for.


Den einaste ansatte i klubben er ein reinhaldsassistent i 7% stilling. Resten, både aktivitetar og administrasjon er utelukkande drive av frivillige eldsjeler.


Årets tildeling frå Sparebanken Norge skal blant anna nyttast til nye innbyttarbenker, møblar i minglesone, nye høgtalarar i festsalen, nye matter til trim- og turngruppa, renovering av ballrom, renovering av terasse på servicebygget og ny speakerbu. Tildelinga betyr med andre ord at det vert ein travel haust også i år for annleggsgruppa vår.


Tusen takk til Sparebanken Norge for tildeling av prosjektmidlar 2025.


コメント

5つ星のうち0と評価されています。
まだ評価がありません

評価を追加
bottom of page