Påminning årsmøte 2021

Det nærmar seg no årsmøte i Finnås Sportsklubb.

Sett av mandag 22.02.2021 kl 18:30 i kalenderen.

Grunna koronapandemien er det naudsynt med påmelding via nettsida vår.


Styret har planlagt spanande prosjekt for å stake ut kursen for ein aktiv og levande sportsklubb i framtida. Mange av prosjekta må forankrast i årsmøtet, som er klubben sitt øvste styrande organ.


Alle medlemmer har rett til å møte på årsmøtet, uttale seg og kan komme med forslag til saker som skal handsamast av årsmøtet. Saker må meldast inn via den digitale forslagskassen innan søndag 14.02.2021.


Saker som ikkje står på sakslista vil ikkje bli handsama av årsmøtet.


For å ha røysterett må du fylle 15 år i 2021 og ha gjort opp alle økonomiske forpliktelsar til klubben.


Med helsing

Styret i Finnås Sportsklubb

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Finnås Sportsklubb

© 2020 - 2021

Einingsregisteret 987 062 258

Registrert i Frivilligregisteret

Motorsportvegen 3

5437 Finnås

  • Facebook

- Fotball - Allidrett - Barnetrim - Aerobic - Zumba -