top of page

Oppussing av klubbhuset

Denne våren har me pussa opp ein heil del av klubbhuset vårt.

Den største vøla vart gjort på kjøkenet der me har fått tetta ein lekkasje i ein takhatt og samstundes skifta heile taket. Alle veggflatene er fornya til glatte og hygieniske flater som er lette å halda reine. Litt innreiing er fjerna for å gjera rommet meir funksjonelt. Tak- og naudlys er bytta ut med energieffektiv LED belysning. Me har bytta til komfyr med induksjonstopp slik at ein no skal klare å få gong på ei god pølsegryte utan å starte dagen i førevegen. For å ikkje frista gjestane med den gode pølselukta før maten er klar er også ventilatoren bytta ut. Listverk, vindauge og fòringar er måla.


Inngangspartiet har og fått nye flater der strietapetet er bytta ut med kvitmåla smartpanel. Utgongsdør og listverk har og fått ny måling.

Lagerrom for bord og stolar har fått ny måling på eksisterande veggstrie.


I festsalen har me installert ny videokanon, nytt elektrisk lerret og me har fått blåtanntilkopling på lydanlegget. Her er tidlegare skifta til smartpanel i ein behageleg gråfarge på veggane, ny LED belysning i tak og på vegg samt montert støydempande plater i taket.


Snekkerarbeid denne våren er utført av Hallvar Koløy og Norvald Koløy. Malararbeid er utført av Linn Stoknes, Morten Larsen, Linn Maiva Larsen Waage og Ann Peggy Jensen.


Elektroarbeid og materiell er levert av Kanalen Invest Elektro.

Nye kvitevarer, videokanon og prosjektorlerret er levert av Elkjøp Bømlo.

Byggevarer og maling er levert av Montèr Bømlo.


No står huset klar for vidare innsats. Skal du feire bursdag, samle gjengen, arrangere kurs eller halde møte er klubbhuset vårt godt eigna til dette. Kontakt vår utleigeansvarleg for å avtale leige. Er du medlem i FSK får du attpåtil 30% avslag på utleigeprisen.


Me takkar alle våre medlemmer som er med å bidreg til drift av klubben. Me har trenarar og støtteapparat, grupper og komitear, styre og administrasjon, representantar i andre lag, sponsorar og sist men slett ikkje minst alle utøverane våre. Utan alt dette hadde ikkje Finnås Sportsklubb eksistert.

Biletekarusell:


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page