top of page

Oppussing av festsal og kjøkken

For ei tid tilbake vart festsalen pussa opp. No står kjøkkenet og entréen snart for tur.


Festsalen har fått nye veggflater i ein roleg gråfarge. I taket er det montert akustikkplater som gjer at det no er ein meir behageleg klang i heile rommet. Store delar av det elektriske anlegget i salen er og renovert med nye og energieffektive LED-lys både i tak og på veggane.


Neste prosjekt for Anleggsutvalet er oppussing av kjøkken og entré. På kjøkkenet har me hatt ei lita vasslekkasje i taket. Heile taket her skal difor bytast. Veggane vil få nye og meir hygieniske flater, det elektriske anlegget vil bli oppgradert der det er naudsynt, komfyren blir byta til ein meir effektiv type og me vil gjera enkelte tilpassingar på innreiinga slik at alt fungerer betre saman med storkjøkenutstyr.


Ynskjer du å leiga klubbhuset vårt? Du finn all naudsynt informasjon her. Visste du forresten at du og kan leiga bord og stolar ut av huset dersom du treng dette?


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page