Nye 3ar banar på plass

Finnås Sportsklubb har gått til innkjøp av to stk 3ar banar med faste vantar.

Hallvar og Kristian monterte dei to banane i dag, godt assistert av Håkon, Sondre, Sara og Ida.


3ar fotball er ein inkluderande og utviklande form for barnefotball. Med få spelarar og vant rundt bana held ein ballen meir i spel og spelarane får kjørt seg skikkelig samstundes som ein vert meir involvert i løpet av ein kamp.


Dei to banane vil verta ståande oppmontert iallefall ei stund framover og kan sjølvsagt nyttast av både skulen og barnehagen om dei ynskjer det.







0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle