Ny klubbkolleksjon
Me er glade for å kunne lansere Finnås Sportsklubb sin nye overtrekksdress som består av raud/kvit teknisk treningsgenser med glidelås og svart/kvit teknisk treningsbukse. Både genser og bukse er bestselgere frå Umbro.

Me har fått med oss mange sponsorar på denne kolleksjonen og kan difor tilby den til særs fordelaktig pris for våre medlemmer.
Veiledande pris: Fra 1 078,-
Pris for ikkje medlemmer: Fra 860,-
Medlemspris: Fra 299,-
Kolleksjonen vil ha påtrykka logo frå:
Joker Finnås
Finnås Auto
Sparebanken Vest
Marine Profile
Sakseide Gartneri
Moster Elektro
Samstundes med den nye klubbkolleksjonen lanserer me eit prøveprosjekt med nettbutikk. Her finn du nevnte overtrekksdress og diverse artiklar som kan vere kjekke for trening og kamp. Nettbutikken er open både for medlemmer og andre.
Du finn nettbutikken i menyen.