top of page

Ny hjartestartar

Finnås Sportsklubb har no byta ut den gamle hjartestartaren vår med ein ny av typen PAD 350P fra Heartsine.


Grunna ekstremt lang leveringstid på nye elektrodar til den gamle hjartestartaren vår valgte me å investere i ny for å unngå over 6 månader utan. Den nye hjartestartaren har elektrodar både for born og unge og bidreg dermed til auka beredskap for dei yngste utøvarane våre.

Hjartestartaren står montert i ein alarmovervaka boks utanfor garderobane våre.


Me minnar på at me i saman med Joker Finnås og Bømlo Sportsdykkere arrangerer grunnkurs i hjarte og lungeredning med bruk av hjartestartar (DHLR). Kurset er gratis for medlemmane våre. Oppfordrar særskilt instruktørar og trenarar til å melde seg på. Les meir om dette her: https://www.sportsklubben.no/aktivitetskalender/GK-hjerte--og-lungeredning-(DHLR)

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page