Nok ei historisk hending på Våge
- Webansvarleg
- 3. apr.
- 1 min lesing
Oppdatert: 4. apr.
Det er knakande kjekt å vere ein del av Finnås Sportsklubb for tida. Det er nesten som ei gamal storheitstid har gjenoppstått.
Torsdag kveld møttest Finnås/Bømlo J15 og Bremnes til treningskamp på Våge Idrettsplass. Me hadde 11'ar jentefotball på 90-talet og ein kort periode rundt midten av 2000-talet. I år får me endeleg oppleve raud og kvitkledde jenter spele 11'ar fotball på Våge igjen.

Tilskodararane som benka seg på tribunen fekk oppleve eit lag som har trena jamt og trutt dei siste åra, og som viste oss at terping, øving og samhald er ei velfungerande oppskrifta for å bli betre. Dei serverte fine pasningar, gode løp og ikkje minst mange mål. Når dommaren bles av kampen stod det 5-0 til heimelaget på resultattavla.
Målscorarar for Finnås/Bømlo
1-0 Lina Olson
2-0 Eline Vold
3-0 Anna Pedersen
4-0 Sandra Sivertsen
5-0 Anna Pedersen
Finnås/Bømlo var nok det beste laget på banen i dag, men Bremnes beit absolutt ifrå seg, og bidrog til at publikum fekk ein spanade kamp heilt til siste slutt. Sjekk sigersropet i videoen nederst i artikkelen.
At me fekk oppleve denne kampen er sjølvsagt eit resultat av samarbeidet vårt med Bømlo Idrettslag. Igjen har me sett bevis på at me gjorde heilt rett når me skreiv den første samarbeidsavtalen før 2022 sesongen, og fornya den for 3 år før 2024 sesongen.
Me ynskjer jentene lykke til med sesongstart borte mot Avaldsnes/Torvastad 1, og gledar oss allereie til første heimekamp mot Haugar 2 9er, på Våge Idrettsplass 6. mai kl 18:30. Det er berre å sette av tid i kalenderen allereie no.



ความคิดเห็น