top of page

Me søkjer fotballtrenar til G17

Finnås/Bømlo er blitt kontakta av ei gruppe kjekke ungdommar i 16-17 års alderen som ynsker å spele fotball ilag. Me har alle fasilitetar som trengst men manglar det aller viktigaste; ein motivert og engasjert trenar.


Kan du vere den rette personen? Eller har du spørsmål? Ta kontakt med oss på e-post fotball@sportsklubben.no eller telefon 916 43 248 / 909 53 933.


Gruppa består av 16-17 gutar som set høgt det sosiale og samhaldet rundt laget sitt. Dei spelar fotball først og fremst fordi dei synst det er utruleg kjekt.


Som trenar har du ansvaret for å leie laget på trening og kamp samt samarbeide med andre trenarar i klubbane for å sikre god lags- og spelarutvikling. Du må ynskje å bidra til eit positivt miljø i klubbane. Du må og vere eller bli medlem i ein av klubbane og kunne framlegge politiattest. Tidligera erfaring som ungdomstrenar er ikkje eit krav, men ein fordel. Litt fotball bør du ha greie på.


Både Finnås SK og Bømlo IL er klubbar som utelukkande er drivne av frivillige. Me tilbyr gode system og rutiner og eit godt utviklingstilbod som trenar om ein ynskjer det.


Illustrasjonsbilete. Foto: BK Ljosdal
Illustrasjonsbilete. Foto: BK Ljosdal
 

Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag er sjølvstendige klubbar, men samarbeidar i alle aldersfastsette fotballag. Dette betyr at spelarar og trenarar på laga kjem frå begge klubbane, og me nyttar begge klubbane sine fasiliteter

 

Comments

Rated 0 out of 5 stars.
No ratings yet

Add a rating
bottom of page