Etter ein spanande sisterunde i årets JokerCup var det Mørkasio som vart det sterkaste laget og kunne innkassere premie for topplassering.

Værgudane valgte heldigvis å pause regnskyllet over Våge Idrettsplass nokre timar mandag kveld slik at forholda vart greie for både spelarar og tilskodarar.
Før kampstart var det heilt åpent kven som ville stikke av med 1. plassen. Både Larsenal og Mørkasio låg berre 1 poeng bak tabelltoppen Rubben, og siger i sin respektive kamp kunne medført siger i cupen, gitt at motsatt lag tapte. Også Bømlo hadde eit snøre ute, og kunne inntatt tabelltoppen med ein 8-målssiger mot Larsenal og eit Mørkasio tap mot Finnås Junior.
Slik vart det ikkje. Bømlo vann rettnok med 3 mål over Larsenal, men Mørkasio kjempa seg til ein 4-2 siger over Finnås Junior, og vart dermed årets vinnar.
Me gratulerer!
Takk til spelarar, dommarar, publikum og arrangør for ein høgst uhøgtidleg og kjekk vintercup.
Comments