top of page

Kva skjer i Finnås Sportsklubb i 2021

Årsmøtet i Finnås Sportsklubb vart halde digitalt måndag 22.01.2021. Takk til alle som var med. Mange gode og saklege innlegg vart presentert og årsmøtet gav gode føringar til styret på korleis klubben skal utviklast framover.

Oversiktsbilete Våge Idrettsplass
Våge Idrettsplass

Valnemnda har gjort ein framifrå jobb og kunne lansere gode kandidatar til alle verv som var på val. Her finn ein både nye og meir kjente namn som skal vere med å drifte klubben det neste året.


Finnås Sportsklubb arbeidar med fleire spanande prosjekt og idear som ein ynskjer å realisere. Ein del av desse vart vedtatt av årsmøtet for oppstart i 2021.


Årsmøtet vedtok at Finnås Sportsklubb skal opprette eit E-sportlag. Styret vil snarast gå i gong med utforming av denne satsinga. Her er det ein god del arbeid som må gjerast både med utforming av retningslinjer samt få på plass eigna lokale. Me er overtydd om at dette er ei rett og viktig satsing for framtida for å kunne auke aktiviteten i klubben og på den måten kunne tilby eit sportsleg tilbod til flest mogleg.


Det vart vedtatt at Finnås Sportsklubb skal søke opptak i Norges Volleyballforbund. Intensjonen i fyrste omgang er å starte opp eit volleyballag for aldersgruppa 6-9 år, men om interessa er til stades står me klare til å satse vidare innan denne greina.


Årsmøtet vedtok og at styret skal utarbeide og innføre ei stipendordning. Denne skal vere for dei som av økonomiske årsaker ikkje kan delta i Finnås Sportsklubb sine aktivitetar, og ein skal då kunne søkje klubben om stønad slik at ein likevel får moglegheit til å delta.


Ny organisasjonsplan vart vedteken, med ei tettare forankring mellom styret og dei ulike gruppene.


FSK er representert i gruppa som jobbar med å få realisert ein fleirbrukshall på Våge.


Me er og representert i ei gruppe nedsett av Finnås Grendautval som jobbar med å få realisert ei lysløype i Finnåsområdet. Dette arbeidet går på fram, og me håper å kunna komma med nyhende i løpet av våren.


Finnås Sportsklubb er i dialog med Bømlo Kommune og ser på moglegheitene for å etablere ein parkeringsplass ved fotballbana bak austre målet. Dette for å få tilgang til anlegget utan å måtte køyre over skuleplassen, samt å få meir og betre parkeringshøve.


Du finn både protokoll, årsmeldingar og oversikt på dei ulike verva her på nettsidene våre.


Ynskjer du å støtte Finnås Sportsklubb sitt arbeide for born, unge og vaksne i bygda? Meld deg inn som støttemedlem. Dette kostar berre 200 kr i året per person. Gå til medlemsprisar og trykk "Meld deg inn"


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page