top of page

Kjekt på Sør Cup

I år har me hatt eit jenter 14 lag og eit gutar 15 lag på Sør Cup i saman med samarbeidsklubben vår Bømlo Idrettslag.


Sør Cup er ein forholdsvis stor cup i og rundt Kristiansand med rundt 650 deltakande lag.


Finnås/Bømlo J14 tok seg til semifinalen i B-sluttspelet der dei måtte gi tapt for Austevoll. Finnås/Bømlo G15 kom til 8.dels finalen i A-sluttspelet, men også for dei blei det stopp i sluttspelet med tap mot Randesund 1.


Uansett om ingen tok seg heilt til topps har dei hatt ein fantastisk tur til sørlandet. Det sosiale og alt som skjer rundt sjølve kampane er kanskje like viktig som å vinne.


Me er stolt og kry over all denne flotte ungdommen har representert klubbane våre på ein slik fin måte. Me rettar og ei stor takk til støtteapparat og foreldre som har vore med å bidratt på så mange måtar for å få dette til.


No er det tid for ein liten sommarferie medan me gledar oss til haustsesongen.



0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments

Rated 0 out of 5 stars.
No ratings yet

Add a rating
bottom of page