top of page

Kamp nr. 100 i Finnåsdrakten

Fredag 31. august var det duka til kamp mellom Finnås og Skudenes på Våge Idrettsplass.


Etter ein litt seig start der stillinga lenge stod stille på 1-1 fekk Finnås fart på måltoget, og når dommar Kjell Martin Gilleshammer frå Østsiden Askøy FK bles av var sluttresultatet fastsatt til 4-1.

A-lags veteran Hallgeir Goa Myhre fekk, etter ei lang og hard opptrening, entre banen for sin kamp nr. 100 i A-lagsdrakten til Finnås, og jaggu satte han ballen bak Skudenes sin keeper, 2 minutt på overtid.

Me takkar Hallgeir for ein lang og solid innsats (så langt) for Finnås både som spelar, trenar, fotballeiar og alle dei ubeskrevne rollene og oppgavene som blir løyst. Heldigvis er Hallgeir fortsatt aktiv i klubben blant anna som nestleiar i styret. Det er me veldig glade for.

Eit skikkelig referat frå kampen blir nok å finne på A-laget si Facebookside så snart Edvin har fått gjennomgått kampen og alle notatane. Følg med.

Tags:

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

コメント

5つ星のうち0と評価されています。
まだ評価がありません

評価を追加
bottom of page