top of page

Gjenopning av fotballen - fase 2

Ei stakkar stund i løpet av tirsdag 13.10 var me i den lykkelege trua på at ein endeleg skulle få starte opp med ordinær kontakttrening også for dei vaksne laga våre. Diverre var ikkje dette heilt korrekt og me måtte gå tilbake på denne meldinga.

Fase 1 av gjenopninga av fotballen gjeld kun for gatelag og tilrettelagt fotball, 2. divisjon, og øvrig nivå kvinner samt 4. nivå (herrer) (4. nivå er det me på Bømlo kallar 3. divisjon).

FSK OldBoys og B-lag kjem inn i kategorien med øvrig breddefotball og futsal. Desse vert opna i fase 2. Regjeringa skal i november ta stilling til når fase 2 kan opnast basert på erfaringar frå fase 1.


Dersom dagens smittesituasjon ikkje forverrar seg er det god grunn til å tru at fase 2 vert opna i november.


Me vil på det sterkaste anbefala dei av våre medlemmer som ynskjer å vere klar for deltaking så snart fase 2 opnar å allereie no gjennomføre det som vil verte eit krav for å kunne delta.


Det er tre krav som vil gjelda for å delta på trening

  1. Ein må vere medlem i Finnås Sportsklubb.

  2. Alle spelarar, trenarar og leiarar må ha gjennomført Fotballens Koronavettkurs.

  3. Alle som deltar skal vere registrert med navn, tidspunkt og telefonnummer.

Fotballens Koronavettkurs kan du ta ved å fylgje denne lenkja.


Registrering av navn, tidspunkt og telefonnummer vil bli gjort gjennom klubbappen vår Rubic Laget Mitt. Du kan søkje opp denne appen både for iPhone og Android. Du finn ein lett forklaring på korleis du aktiverer brukaren din ved å fylge denne lenkja. Her vil du og finne lenkjer til nedlasting av appen.


Når det opnar for trening vil me legge inn aktivtetar i appen. Då er det kun eit enkelt trykk på «Meld på» på den aktuelle treninga så er du registrert.


Me vil anbefale å følgje Finnås Sportsklubb på Facebook og på nettsida www.sportsklubben.no. Me legg ut oppdateringar så snart det kjem nye føringar.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page