top of page

G13 på Sør Cup

For mange er starten på sommaren også starten på dei store fotballcupane i Norge. I år reiste Finnås/Bømlo sitt G13 lag til Kristiansand på Sør Cup.

Sør Cup starta som Plussbank Cup i 2007 og samlar no rundt 600 lag til ei stor og triveleg fotballturnering for barn og ungdom.


Finnås/Bømlo sitt G13 lag starta si deltaking mot Klepp IL laurdag 21.6, der dei måtte gå av banen med eit knepent 1-2 tap.


Søndag 22.6 møtte dei Fløy til ein jamn kamp som enda uavgjort 0-0.


Mandag 23.6 gjekk dei på eit 2-0 tap mot Sædalen og hamna med det i B-sluttspelet der dei møtte Tonstad. Også her vart det eit knepet 1-0 tap og dermed var cupeventyret over for i år.


Sjølv om både Finnås SK og Bømlo IL bidrar økonomisk for for å finansiere cupdeltakinga har laget også hatt kioskdrift, arrangert lotteri, panteinnsamling og i tillegg skaffa sponsorar for å komme seg til Kristiansand. Takk til støtteapparatet, foreldre og ikkje minst sponsorane Troland Havfiske, Moon Media, Pedersen Maskinering, Bømmelbas, Signatur Management, Spar Bømlo og Viergo.


Me er svært stolt over desse flotte ungdommane som representerer klubbane våre på ein framifrå måte. No skal dei ha seg ein liten sommarferie slik at dei er klare til ein spanande haustsesong.

Comments

Rated 0 out of 5 stars.
No ratings yet

Add a rating
bottom of page