FSK søkjer ny leiar av fotballgruppa

Vår mangeårige leiar av fotballgruppa har no tatt fatt på såpass mange spanande prosjekter i klubben at han vil trenge å bli løyst av frå vervet som leiar av fotballgruppa for ei stund.

Fotballgruppa er framleis den største gruppa av aktive medlemmer i klubben. Sjølv om mange trur at ein må vere ivrig fotballsupporter, kunne utføre eit perfekt halvtliggande vristspark og at ein må pugge terminlista til Eliteserien utanåt så er dette nødvendigvis ikkje den personen me er på utkikk etter.


Leiar av fotballgruppa treng å ha eit snev av gode organisatoriske evner og ein viss forståelse for bruk av ulike datasystemer. Rolla handlar om koordinering.


Valnemda har jobba utrettelig med å få på plass ein ny fotballeiar, desverre utan å lukkast. Me lyt nok innrømme at det vert særs vanskeleg å tilby fotball som aktivitet utan nokon som innehar denne rolla. Me ber difor igjen alle som kan tenkast å ha dei eigenskapane me er på jakt etter å vurdere om ein har anleding å vere med å drive Finnås Sportsklubb framover. Me kan tilby ein lettdriven og godt organisert klubb. Avtroppande leiar av fotballgruppa vil bistå med overlapp og opplæring så lenge som naudsynt.


Fotballeiaren samarbeider tett med andre i klubben, som for eksempel trenarane, materialforvaltar og systemadministrator. Fotballeiaren kan sjølv styre mykje korleis ein vil at rolla skal utøvast. Er ein god å delegere er det mykje hjelp å hente i dei andre disiplinane i klubben. Heile rollebeskrivinga finn du i klubbhandboka vår.


Fotballeiaren er og 1. varamedlem i styret og har møte- og talerett på styremøta. Ved fråfall av styremedlem har fotballeiaren også stemmerett på styremøta. Fotballeiaren må vere eller bli medlem av Finnås Sportsklubb.


Kjenner du kallet ber me deg snarast ta kontakt med valnemda som no held på med siste finpuss av sitt framlegg til årsmøtet. Me kan love at du får vere med i eit aktivt miljø som arbeidar målretta for å oppretthalde og skape meir aktivitet i bygda.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle