top of page

FSK søkjer E-sporttrenarar

Finnås Sportsklubb startar opp med E-sport. For å lukkast med satsinga treng me hjelp av ungdom og vaksne som ynskjer å vere med som trenarar og støtteapparat.


Litt om deg:

  • Du er over 16 år.

  • Du likar å ha ansvar.

  • Du likar å arbeide med ungdom.

  • Du har lyst til å bidra til å skape eit engasjerande E-sportmiljø på Finnås.

  • Du ynskjer å bidra til å sette form og farge på satsinga vår.

  • Du er eller blir medlem i Finnås Sportsklubb.

  • Du kan framvise gyldig politiattest.

Når me finn den rette vil me legge til rette for kurs og utvikling som E-sporttrenar.


Visjonen vår:

Finnås Sportsklubb skal skapa eit E-sportmiljø med fokus på

  • samhald

  • inkludering

  • trivsel

  • kosthald

  • søvn

  • fysikk

Med denne visjonen skal våre medlemmer få oppleva meistring, lagfølelse og sosial tilhøyrsle


Har du lyst å høyre meir eller ynskjer å melde di intresse som frivillig i FSK kan du kontakte systemansvarleg Øystein Våge (systemansvarleg@sportsklubben.no) eller leiar Idar Larsen (leiar@sportsklubben.no)


 

Kva er E-sport?

Gaming er speling på alle typar data- og konsollspel der hovudmålet er underhaldning.

E-sport er derimot ei organisert form der ein både fysisk og psykisk trenar bevisst for å utvikle seg som utøvar. E-sport er rekna som verdas raskast veksande sport.


Kven er målgruppa?

I Medietilsynet si undersøking “Barn og Medier” frå 2020 kan me lese at heile 86% av alle 9-18 åringar spelar eit spel på f.eks PC, Playstation, mobil eller nettbrett. Me kan og lese at andelen gutar ligg særs høgt frå 2016 og fram til i dag. Andelen jenter som spelar er noko lågare men aukande. Tilbodet vil i oppstarten primært bli retta mot born og ungdom i alderen 8-20 år. Tilbodet vil vere for både eksisterande medlemmer og dei som i dag sit heime og manglar eit fritidstilbod.


Kvifor E-sport

Me trur at ei satsing på E-sport vil vere ei viktig og framtidsretta satsing både for klubben, bygda vår og den enkelte utøvaren. Ved å ta deler av spelinga ut frå ungdomsrommet, legge til sosial og fysisk trening saman med veiledning om kosthald, søvn og utdanning vil den enkelte utøvaren stå betre rusta i møte med framtidig utdanning og arbeidsliv samstundes som ein har moglegheit til å utvikle seg som utøvar.


Kva kan me tilby ein E-sportutøvar?

Finnås Sportsklubb skal gjennom trening, læring og veiledning setje utøvaren i stand til å kunne ta dei rette vala for å bli best mogleg.


Ein god E-sportutøvar:

  • Et rett - Ein god e-sportutøvar må vere rask og skjerpa i tankane. Eit sunt og godt kosthald er viktig for å oppnå dette.

  • Prioriterer utdanning - Skule og utdanning er viktig for framtida og er lurt å ha i bakhand sjølv om ein draumer om å bli ein proff gamer. Ein god E-sportutøvar får leksene unna først.

  • Søv godt - Søvn er viktig for reaksjonsevna. Ein vert ikkje ein god E-sportutøvar når ein er trøytt.

  • Trenar både styrke og uthaldenhet - Kroppen nyttar ressursane meir effektivt og du vert meir energisk. Sinnet vert skjerpa.

Til sjuande og sist handlar alt om å trene for å bli ein best mogleg gamer.


Målsetting

Finnås Sportsklubb si E-sportsatsing skal vera eit lågterskel breiddetilbod som ikkje krev førehandskunnskap eller behov for store økonomiske investeringar for den enkelte.

Me skal samstundes legge til rette for at dei som ynskjer å utvikle seg til å kunne spele på eit høgare nivå får moglegheit for dette.

 

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page