Fornying av tribunen
Etter år med slitasje, både ovanfrå i form av vèr og vind samt frå sida i form av sleivspark og forspilte målsjansar, er det tid for meir omfattande vedlikehald av tribunen på Våge Idrettsplass.
Dei gamle stolrekkene er demontert og skal erstattast av nye. Når likevel alt er fjerna nyttar ein og moglegheita til å få på nye strok med beis slik at treverket er betre beskytta framover.
Artikkelen fortset under biletet.

Denne tirsdagen var det Gunnar og Nils Audun som svinga kvar si malerrulle i sommarsol og nordvest bris. Begge to må vel kunna reknast som trufaste vetaranar i klubben og har levert utallige dugnadstimar tidlegare. Dette verkar ikkje å legge noko dempar på humør eller innsats og preiken gjekk like lystig som malerrulla.
Me ser fram til å sitje i nye stolar når haustsesongen startar.
Me takkar samstundes alle våre medlemmer som er med å bidreg til drift av klubben. Me har trenarar og støtteapparat, grupper og komitear, styre og administrasjon, representantar i andre lag, sponsorar og sist men slett ikkje minst alle utøverane våre. Utan alt dette hadde ikkje Finnås Sportsklubb eksistert.