Finnås med siger i venskapskamp

Uttrykket "dei gamle er eldst" kom til sin rett på Våge denne fredagskvelden. Rutinane til dei tidlegare A-lagsspelarane til Finnås vart vanskelege for Bømlo å hanske med i den låge kveldssola på Våge Idrettsplass.

I strålande vårvèr og tett på 150 tilskodarar på tribunen vart venskapskampen mellom Finnås og Bømlo akkurat den folkefesten me hadde håpa på. Med skikkelig innmarsj og presentasjon av spelarane må ein stille på kamp i Eliteserien for å finne like god stemning.


Kampen kom i stand eit godt stykke utpå kvelden under Bømlo Sportsgalla forrige laurdag. Det har difor vore hektisk aktivitet hjå Finnås for å sette saman eit lag. Tid til samtrening vart det ikkje så her måtte ein satse alt på gamle rutinar.


Finnås gjekk tidleg opp i leiinga etter ei nettkjenning signert Finnås sin leiar av fotballgruppa, Hallgeir Goa Myhre.


Bømlo var ein verdig motstandar og spelet skifta jamt mellom begge lag sin banehalvdel. Når dommar Kenneth Nesse bles av til pause var stillinga 1-0 til Finnås.

Etter ein kort kvilepause i garderoben var Jonas Helland tidleg frampå og auka leiinga til 2-0. Festen fortsatte og trass press frå Bømlo putta Glenn Atle Larsen inn 3-0 til Finnås. I siste halvdel av 2. omgang hang kveldssola lågt over Hovda og var til lite hjelp for Bømlo som då spela frå austre banehalvdel. Thomas Larsen signerte 4-0 for Finnås og satte med dette sluttresultatet for kampen.


Publikum stemte velfortjent fram Finnås sin keeper, Morten Sæverud, som banens beste spelar.


Amine Kallevåg var ein av dei som gav si stemme i "banens beste" og vart vinnar av gåvekort på 500 kr gitt av Sport 1 Bømlo.


Ei ekstra takk til dommar Kenneth Nesse som stillte opp som kampleiar denne fredagskvelden.


Me håpar å treffast på Våge Idrettsplass til ny fotballfest om ikkje så alt for lenge!

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle