Finnås/Bømlo G13 møter Bremnes
- Webansvarleg
- 4. nov.
- 1 min lesing
Historisk lokaloppgjer i 1. divisjon: Finnås/Bømlo G13 møter Bremnes G13

Onsdag 5. november kl. 18.30 er det klart for eit historisk møte på Våge Idrettsplass, når Finnås/Bømlo G13 tek imot Bremnes G13 i 1. divisjon. Dette er, så vidt me veit, første gong på fleire tiår at Finnås og Bremnes møtast på dette nivået i ungdomsfotballen.
Finnås G13-2 gjekk heilt til topps i 3. divisjon tidlegare i år. Det har derimot vore noko tøffare i 1. divisjon, men ein er berre 3 poeng bak Bremnes før kampen startar onsdag. Spelarane har vist fin utvikling og vi er omtrent der eg forventa før seriestart. Me ser fram til kampen og håpar at det kjem mange folk å ser på, både frå Finnås, Langevåg og Bremnes, seier trenar Glenn Larsen.
Ros til Bremnes
Bremnes IL har i mange år vore ein viktig aktør i utviklinga av unge fotballspelarar på Bømlo. Klubben har fleire spelarar som har vore aktuelle for kretslag og hospitering i toppklubbar. Finnås har siste åra jobba meir strukturert i talentutviklinga og de gir no resultat. - Det er ingen tvil om at Bremnes er storfavoritt før kampen, men det er mange gode spelarar på Finnås/Bømlo også, seier Larsen.
Tabellsituasjonen
Haugar G13 har allereie sikra sigeren i 1. divisjon avdeling 03, men kampen mellom Finnås/Bømlo og Bremnes er likevel viktig for sluttplassering og lokal prestisje.
Ta turen på kamp du også!



Kommentarer