Endeleg!!!
Oppdatert: 19. jun. 2021
Heilt sidan 16. mars 2020, heile 459 dagar, har me tålmodig venta. I dag kunngjorde regjeringa at dei går vidare i gjenopningsplanen og endeleg får me ta oppatt kontakttrening også for dei vaksne over 20 år i breddeidretten.

I klårtekst betyr dette at den populære søndagstrimmen/oldboys startar opp att med trening frå søndag 20.06.2021 kl 19:00 - 20:30 og onsdag 19:00 - 20:30. Dette gledar me oss stort til.
Me held og på med planlegging av Jokerliga frå hausten. Me kjem tilbake med informasjon om dette.
Me må sjølvsagt fylgje alle gjeldande smittevernskrav sjølv om ein no er friteken frå 1-metersregelen under idrettsarrangement:
Vær frisk eller vær heime
Registrer oppmøte for smittesporing
Oppretthald avstandskrav utanom aktiviteten
Som for alle andre aktivitetar i klubben er det sjølvsagt eit krav at ein er medlem, men om ein ynskjer er ein velkommen til ei prøvetrening før ein bestemmer seg. Sjå under menyen "Laga våre" for kontaktinformasjon.
Registrering for eventuell smittesporing vert gjort i aktivitetsystemet vårt. Det er difor enklast om kvar enkelt registrerer oppmøte i Laget Mitt appen før ein går på trening. Lagleiar kan og registrere oppmøte. Laget mitt er tilgjengeleg for alle medlemmer. Ta kontakt med medlemsansvarleg om du treng hjelp med denne.
Vel møtt til trening. Me gledar oss svært mykje til å sjå aktivitet på banen på kveldstid igjen.