top of page

Bømlo Sportsgalla

Laurdag kveld var frivillige frå heile idretts-Bømlo samla til storstilt galla i Langevåg Bygdatun.


Bømlo Idrettsråd inviterte alle frivillige og eldsjeler i idretten på Bømlo til å feire seg sjølv denne laurdagen. Gallaen starta i kultursalen kl 17:00 med foredrag av Pål Anders Ullevålseter. Han haldt eit engasjerande innlegg om korleis hans satsing og vegen mot Dakar har utarta seg heilt frå barndommen til jobben som landslagsjef for Endurolandslaget.


Deretter haldt kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter eit innlegg der han fortalte om deler av idretten og frivilligheten i dei 5 delsentera i kommunen.


Konferaniser for kvelden, Heine Larsen, losa oss trygt igjennom kvelden.


Kl 20:00 vart middagen servert inne i idrettshallen. Mellom middag og dessert haldt nokre av idrettslaga korte presentasjonar av sine lag og aktivitetar.

Mange frivillige frå heile Bømlo var samla i Langevåg Bygdatun denne laurdagskvelden

Bømlo Idrettsråd på scenen


Etter middag og dessert vart det spela opp til dans og mang ein god samtale rundt borda vart innimellom avløyst av ein svingom på dansegulvet.


Dette vart ein skikkelig festkveld og hyllest av alle som er med å bidreg til drifta av idretts-Bømlo. Takk til Bømlo Idrettsråd for invitasjon og gjennomføring av arrangementet. Me håpar dette vert gjenteke ein gong i framtida.



0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page