Aktivitetsdag og barnebingo
1. november var det både aktivitetsdag og barnebingo på Våge.

Etter ei vekes utsetting grunna ein uavklart smittesituasjon på Bømlo fekk me moglegheit for å gjennomføra den planlagte aktivitetsdagen med 26 påmeldte born i aldersgruppa 1. - 3. klasse.
Me starta det heile med blime-dansen, der 2.klassingar med hjelp frå ein frå 7.klasse førte an på tribuna.
Inndelt i sine kohortar frå skulen leika me ulike leikar i 1,5 time, blant anna hinderløype, haletikken, støvelkast og aktivitetsbingo. Me avslutta med pølse, juice og medalje for godt gjennomført aktivitetsdag.

Etter aktivitetsdag for dei minste var det duka for bingo for 27 påmeldte 4.-7.-klassingar. Spenninga var høg og smila store for dei som innkasserte premiane. Førstepremien var ein stor pose med digg og gåvekort på kinobillettar for to personar, sponsa av Bømlo Kulthurhus.