top of page

Aktivitet også for dei yngste.

Den skal tidlig krøkjast den som god sportsklubbar skal bli! Også dei aller yngste i klubben er i gong med sin aktivitet.

Kvar mandag frå 17:15 - 18:00 er det Allidrett for aldersgruppa 3 - 5 år. Dei som fyller 3 år i løpet av året kan bli med, så her er yngste deltakar knapt fyllt 2 år.


På grunn av den låge alderen dreiar sjølvsagt denne aktiviteten seg mykje om leik og moro, slik som dans, haien kommer, hode skulder kne og tå, balansetrening, klatring i tau og ribbevegg og andre aktivitetar som høver for aldersgruppa. Aktiviteten er for mange det aller første møtet med organisert idrett.


Gruppa består av 23 utøverar og 3 instruktørar. I tillegg har borna med ein føresett. Av smittevernhensyn har me dei siste gongane flytta utandørs, men med nokolunde akseptabelt vestlandsvèr og gode flomlys går dette heilt fint. Me håpar likevel at verden snart vert litt meir normal slik at me kan trekkje inn i gymsalen igjen.




0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page