Den store påskeeggjakta er ferdig for i år....

Den store påskeeggjakta 2022

Også i år arrangerer me påskeeggjakt på Hovda. Me håpar dette bidreg til at mange store og små finn motivasjon til ein fin tur opp til, eller over, Hovda.

Me trekk ein heldig vinnar som får eit påskeegg med påskegodt til ein verdi av ca 600 kr fra Joker Finnås.

 

Finnås Sportsklubb arbeidar med fleire nye og målretta tiltak for å skape aktivitet for både unge og eldre. Ein del av tiltaka og aktivitetane me startar opp har ein del kostnader, og difor har me i år valgt å ta ei lita deltakaravgift på påskeeggjakta.

 

Hugs at om du ikkje skulle vinne så har du likevel bidratt til å skape meir aktivitet i bygda og du har fått deg ein skikkelig god luftetur i løpet av påsken.

Vinnaren vert trekt fredag kveld 15. april og kan hente premien på Joker Finnås på påskeafta eller ved ein seinare anledning.

 

For å delta gjer du fylgjande:

  1. Sjekk i kartet kor løypa går.

  2. Tel kor mange egg du finn i løypa.

  3. Betal påmeldingsavgifta med Vipps

  4. Registrer kor mange egg du/dåke fann

neonbrand-IF8B82QBCkM-unsplash.jpg

Billettprisar

vipps-rgb-orange-neg.png
  • Enkeltbillett kr 50,-

  • Familiebillett kr 200,-

Familiebillett inkluderer 1 ansvarleg og inntil 5 medhjelparar. Alle vert med i trekninga.

Du finn rett Vippsnummer med QR-kode på Hovda. Skulle du ikkje finne dette kan du åpne Vipps-appen og søke på Vippsnummer 743937

OBS: Kun betalte påmeldingar er med i trekninga.

Kart og veibeskrivelse

 
 

Det er greiast å parkere ved Våge skule og gå derifrå. Frå parkeringsplassen nedanfor skulen går du sørover ca 100 meter og tar til høgre inn krysset til Vordnes. Derifrå går du ca 500 meter innover vegen til du kjem til ein liten grasbakke på venstre side som ikkje er inngjerda. Løypa startar i skogholtet og er merka med turskilt. 

Egga er å finne mellom dette skiltet og fram til toppen av Hovda, merka raudt på kartet.

Du betaler påmelding via Vipps og registrerer deretter antal egg på denne sida.

 

Når du skal ned igjen kan du anten fortsette på ein rundtur via Lia eller gå tilbake same vegen. Me gjer merksam på at det ikkje er egg å telle på strekninga mellom Hovda og Lia om du vel denne ruta ned.

Eggeløypa.png
 

Registrer tal på egg

Skriv inn same telefonnummer som vart nytta til å betale med og vel deretter type billett for å starte registrering. Registreringar utan betalt påmelding vert ikkje med i trekninga.

Nei fatosten! Noko gjekk gale! Gå til startsida og prøv på ny!

Takk skal du ha. Registreringa var vellykka!

Start registrering
 
Registrer medhjelparar