top of page
Styrets funksjon og samansetning

Oppretta

29. januar 2021

Oppdatert

20. april 2022

Styret er satt saman slik:


  • Leiar, vert vald for 2 år
  • Nestleiar, vert vald for 2 år
  • Økonomiansvarleg, vert vald for 2 år
  • Styremedlem 1, vert vald for 2 år
  • Ungdomskontakt, vert vald for 2 år
  • 1. Varamedlem, vert vald for 2 år
  • 2. Varamedlem, vert vald for 2 år


FSK blir leidd og forplikta av styret, som representerer FSK utetter. Styret er det høgaste styringsorganet i FSK mellom årsmøta.


Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller minst to av styremedlemmene krev det.

 

Styret skal blant anna (jmf. §20 i vedtektene):


  1. setje i verk regelverk og vedtak som kjem ifrå årsmøtet og overordna organisasjonsledd.
  2. sjå til at midlane til FSK blir brukte og forvalta på ein varsam måte i samsvar med dei vedtaka som er gjorde på årsmøtet eller i overordna organisasjonsledd, og sørgje for at FSK har ei tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen og ei forsvarleg økonomistyring.
  3. nemne opp komitear/utval og utarbeide mandat/instruks for desse.
  4. nemne opp ein ansvarleg for politiattestordninga og ein ansvarleg for barneidretten.
  5. nemne opp representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar.
  6. rapportere organisasjonsdata i samsvar med krav fastsette av Idrettsstyret.

 

Styret har og ansvar for oppdatering og revisjon av klubbhandboka, samt syte for at denne er kjend for klubben sine styrande organ og medlemmer.

Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page