top of page
Retningsliner for trenarar

Oppretta

14. februar 2021

Oppdatert

26. januar 2022

Som trenar og/eller lagleiar skal du bidra til:


  • Mestring, sjølvstende og tilhøyrsle for utøvaren
  • Positive erfaringar med trening og konkurranse
  • Å fremja eit godt sosialt miljø, lagånd og vennskap
  • At utøvaren skal kunna driva idrett i andre avdelingar samt andre aktivitetar
  • Samarbeid og god kommunikasjon med andre trenarar, leiarar og foreldre


Som trenar og/eller lagleiar pliktar du å:


  • Vera eit godt forbilde
  • Møta presist og godt forberedt til kvar trening
  • Væra ein veiledar, inspirator og motivator
  • Bry deg litt ekstra og involvera deg i utøvarane dine
  • Bli kjent med utøvarane sine individuelle mål og opplevingar av treninga
  • Prøva å utvikla sjølvstendig vurderingsevne hjå utøvaren
  • Visa god sportsand og respekt for andre
  • Væra bevisst på at du gir alle utøvarane merksemd
  • Utfordra ein kvar utøvar eller gruppe til å utvikla sine ferdigheiter


Innhaldet i treninga skal væra prega av:


  • Ein målretta plan
  • Progresjon i opplevingar og ferdigheiter
  • Stadig nye utfordringar slik at utøvaren flyttar grenser
  • Effektiv organisering
  • God kommunikasjon
  • Sakleg og presis informasjon
  • Kreative løysingar
  • Fleksibilitet ved problemløysing
Nedlasting
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page