top of page
Retningsliner for kampvert

Oppretta

8. mai 2022

Oppdatert

8. mai 2022

Kampverten skal ha på gul kampvertvest og vere synleg for alle i og rundt kampen. I Finnås Sportsklubb skal denne oppgåva fortrinnsvis gå på rundgong blant dei føresette til spelarane.

 

Før kampen:

 

  • ynskjer begge lag, dommar(ane) og tilskodarane velkommen. Kampverten skal oppfordra til positivitet under kampen.
  • ser til at tilskodarane står på motsatt side av laga og godt utanfor sidelinja.
  • deltar på Fair Play møte (heimelagets trenar tar inititiativ til møtet) saman med dommer(ane) og begge lag sine trenarar.

 

Under kampen:

 

  • oppfordrar til positivitet under kampen.
  • er tilgjengeleg for dommar(ane) under kampen og i pausen.
  • handterer uønska hendingar etter klubben sine retningsliner.

 

Etter kampen:

 

  • takkar begge lag og dommar(ane) for kampen.
  • Melder i frå til Fair Play ansvarleg eller leiar av fotballgruppa dersom det oppstod uønska hendingar før, under eller etter kampen.
Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page