top of page
Økonomisk stipend

Oppretta

25. februar 2023

Oppdatert

25. februar 2023

I Finnås Sportsklubb ynskjer me at alle skal få vere med om ein har lyst.


Dersom ein vanskeleg økonomisk situasjon gjer at ein ikkje kan delta på våre aktivitetar har me stipendordning som kan vere eit bidrag.


Ein førespurnad om økonomisk hjelp vil bli behandla konfidensielt av styret i klubben. Du vel sjølv korleis du ynskjer å kontakte oss, om det er via telefon, e-post, SMS eller messenger.


Du kan søkje om heilt eller delvis bidrag til medlemsavgift, treningsavgift og/eller utstyr.

Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page