top of page
Årsmøtet

Oppretta

29. januar 2021

Oppdatert

13. februar 2021

Årsmøtet er laget si øvste myndigheit.

Årsmøte vert halde ein gong i året innan utgongen av den månaden som er fastsatt i vedtektene.

 

Protokollen frå årsmøtet skal sendast til idrettsrådet i kommunen og dei særkretsar klubben er tilslutta. Protokollen kan leggjast ut på klubben si internettside.

 

Innkalling til årsmøte skal skje seinast 1 månad før årsmøte vert halde.

 

Innkalling vert annonsert på klubben si internettside. Styret avgjer om det er naudsynt å annonsere innkalling i andre media i tillegg.

 

Innkomne forslag skal vera styret i hende seinast 2 veker før årsmøtet. Sakspapira skal gjerast tilgjengeleg på laget si internettside seinast 1 veke før årsmøtet.

 

Årsmøtet er for medlemmar i laget, det vil seia dei som har betalt medlemskontingenten.

 

Foreldre/føresette har ikkje fullmakt til å stemma for medlemmer under 15 år.

 

Årsmøtet legg grunnlaget for styret sitt arbeid og alle som ynskjer å vera med å bestemma korleis laget skal drivast bør stilla på årsmøtet.

 

Årsmøtet skal gjennomførast slik det er fastsatt i vedtektene § 14 - § 19

Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page