top of page
§ 15 Oppløysing, utmelding osb.

Oppretta

5. februar 2022

Oppdatert

5. februar 2022

(1) Idrettslaget kan vedta oppløysing

  1. ved eit einstemmig vedtak om oppløysing på årsmøtet, eller

  2. ved å vedta oppløysing med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøter, der det etterfølgjande årsmøtet må haldast minimum tre månader og maksimum 6 månader seinare.


Ein føresetnad for eit gyldig vedtak om oppløysing er at idrettslaget skriftleg varslar idrettskrinsen og særforbundet seinast 14 dagar før årsmøtet til idrettslaget behandlar forslag om oppløysing.

 

(2) Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget. Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund, og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, må gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

 

(3) For reglar om utmelding og tap av medlemskap i NIF gjeld NIFs lov § 10-2.

 

(4) Ved utmelding eller tap av medlemskap skal eigedelane til idrettslaget som er opparbeidde som ei direkte følgje av medlemskapen til idrettslaget i NIF, gå til eit formål som er godkjent av Idrettsstyret. Ved oppløysing eller anna opphøyr av idrettslaget går overskytande midlar i laget etter avvikling til eit formål som ergodkjent av idrettskrinsen.

Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page