top of page
§ 13 Grupper

Oppretta

5. februar 2022

Oppdatert

5. februar 2022

(1) Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis dei skal organiserast og leiast. Dette blir vedteke i samband med den årlege behandlinga av organisasjonsplanen til idrettslaget, jf. § 10 (3) pkt. 13. Innmelding og utmelding av særforbund krev lovendring, jf. § 2 (2).

 

(2) Dersom årsmøtet i idrettslaget ved behandlinga av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande:

a) Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir valt på årsmøtet eller blir utnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøtet.

b) Gruppa bør ha minst eitt årleg møte der gruppa diskuterer økonomien i gruppa og aktiviteten i gruppa, foreslår kandidatar til gruppestyret og dessutan gir eventuelle innspel til saker som blir behandla av styret eller årsmøtet.

c) Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre årsmøtet har vedteke noko anna.

d) Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt som er gjeven av årsmøtet.

 

(3) Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret.

 

Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page