top of page
§ 11 Styret i idrettslaget

Oppretta

5. februar 2022

Oppdatert

5. februar 2022

(1) Idrettslaget blir leidd og forplikta av styret, som representerer idrettslaget eksternt.

 

(2) Styret er den høgaste styresmakta til idrettslaget mellom årsmøta, men visse avgjerder kan berre vedtakast av årsmøtet i samsvar med § 10 (3) og NIFs lov § 2-22.

 

(3) Forvaltninga av, og tilsynet med, alle delar av idrettslagsverksemda høyrer under styret. Styret skal sørgje for:

  • at formålet med idrettslaget blir oppfylt

  • at idrettslagsverksemda og økonomistyringa er forsvarleg organisert

  • at avgjerder fattast i samsvar med regelverket og vedtaket til overordna organisasjonsledd, lova til idrettslaget og årsmøtevedtaket

  • at det blir registrert opplysningar i samsvar med § 3 (2)

  • at det blir utnemnt ein ansvarleg for politiattestordninga, dersom idrettslaget organiserer idrett for mindreårige eller personar med utviklingshemming

  • at det blir utnemnt ein ansvarleg for barneidretten, dersom idrettslaget organiserer barneidrett


(4) Styret kan utnemne komitear/utval for handtering av kontinuerlege eller enkeltståande oppgåver, og utarbeide mandat/instruks for dei.

 

(5) Styret skal oppnemne representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar.

 

(6) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når minst to av styremedlemmene krev det.

Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page