top of page
§ 10 Årsmøtet

Oppretta

5. februar 2022

Oppdatert

7. mai 2022

(1) Årsmøtet er det høgaste styringsorganet i idrettslaget, og det blir halde kvart år innan utgangen av mars månad.


(2) Ordinært og ekstraordinært årsmøte blir gjennomført i samsvar med denne lova og NIFs lov §§ 2-15, 2-16, 2-17, 2-19, 2-20.


(3) Oppgåvene til årsmøtet:

  • godkjenne dei som har stemmerett
  • velje dirigent(ar)
  • velje protokollførar(ar)
  • velje to medlemmer til å skrive under protokollen
  • godkjenne forretningsordenen
  • godkjenne innkallinga
  • godkjenne saklista
  • behandle årsmeldinga frå idrettslaget
  • behandle
  1. rekneskapen til idrettslaget
  2. den økonomiske meldinga frå styret
  3. meldinga frå kontrollutvalet
  4. eventuell melding frå engasjert revisor
  • behandle saker som kjem fram av godkjend sakliste
  • fastsetje
  1. medlemskontingent på minst kr 50
  2. eventuell treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter
  • vedta budsjettet til idrettslaget
  • behandle organisasjonsplanen til idrettslaget
  • Velje for 2 års engasjement:
  1. styre med leiar, nestleiar, minst tre styremedlemmer herav ein økonomiansvarleg og ein ungdomsrepresentant, og to varamedlemmer
  2. kontrollutval med minst to medlemmer og minst éin varamedlem
  3. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane
  4. valkomité med leiar, minst éin medlem og minst éin varamedlem
  5. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget
  • avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget
  • Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.


For reglar om stemmegivinga på årsmøtet gjeld NIFs lov § 2-21.


For reglar om innkalling og gjennomføring av ekstraordinært årsmøte gjeld NIFs lov § 2-19.

Nedlasting
Snarvegar
Endringslogg

Endringslogg

bottom of page