Hjelp til innmeldingsskjema
Treng du hjelp til innmeldingsskjema finn du ei beskriving av dei ulike stega i skjemaet her. Skulle du likevel stå fast er du sjølvsagt velkommen til å kontakte oss.
Meg
Her legger du inn dine eigne opplysningar. Dette er for å fortelle systemet kven du er og du vert ikkje innmeldt i denne delen. Sjølve innmeldinga skjer i punkt 3. Skal du melde inn eit barn legg du inn dine eigne opplysningar i punkt 1 og barnet i punkt 2.
​
NB: Er du allereie medlem og/eller har ein brukar i medlemssystemet vårt og skal melde inn eit barn fylgjer du same framgongsmåten med å legge inn dine eigne opplysningar i steg 1.

Meg
Dersom du allereie er medlem og/eller har ein brukar vil du få tilsendt ein SMS med ein valideringskode. Legg inn koden og trykk "sjekk Kode"

Personer
Velg den eller dei personane du ynskjer å behandle. Hugs å huke av for samtykke.
Skal du melde inn eit nytt familiemedlem trykker du "Legg til barn" eller "Legg til øvrig familie"

Personer
Har du valgt "Legg til barn" eller "Legg til øvrig familie" får du opp skjema der du legg inn personlege opplysningar

Personer
Etter å ha lagt til familiemedlem kjem du tilbake til lista med alle i din familie. Huk av for samtykke samt den personen du ynskjer å behandle vidare.

Medlemskap
Velg type medlemskap

Medlemskap
Sjekk at rett type medlemskap er satt og trykk "Neste"

Spørsmål
Her svarar du på eventuelle spørsmål. Er du elev ved Bømlo FHS kryssar du ja her.

Grupper
Til slutt vel du kva gruppe du ynskjer å melde inn i. Trykk fullfør. Du vil bli sendt vidare til fakturaen som du gjerne kan betale direkte med kort. Du kan hente opp igjen fakturaen ved å logge inn på "Mi Side" i Rubic.
​
Du vil og få tilsendt ein e-post eller SMS frå Norges Idrettsforbund der dei ber deg bekrefte medlemskapet i Finnås Sportsklubb. Sjekk søppelposten din om denne ikkje dukkar opp.
