Hallgeir Goa Myhre

26. april 2022

Samarbeidsavtale med Sport 1 Bømlo

Finnås Sportsklubb har signert Samarbeidsavtale med Sport 1 Bømlo og Adidas Norge AS.

Klubbansvarleg hjå Sport 1 Bømlo, Rebecca Grønnevik Skjetne og leiar i Finnås Sportsklubb, Øystein Våge med signert avtale på plass.

Samarbeidsavtalen vil gje klubben og medlemmane våre tilgong til eit breit og godt produktsortiment til svært fordelaktige prisar hjå Sport 1 Bømlo.

Avtalen gjeld for 5 år fram til 31.12.2026

Avtalen vil gje FSK sine medlemmer 20% avslag på Adidasprodukter og 10% avslag på øvrig butikksortiment (gjeld ikkje kampanje/tilbodsvarer, elektronikk og sykkel).

Om ikkje lenge kjem klubbsortimentet på plass hjå Sport 1 Bømlo. Når dette er klart vil me arrangere klubbkveld i butikken for FSK sine medlemmer. Me kjem tilbake med meir informasjon om dette.

Me er svært glade for å signere avtale med ein lokal leverandør seier Øystein Våge til sportsklubben.no. Næringslivet på Bømlo er ein viktig støttespelar for klubben og det er ingen grunn til å reise langt avgarde for for å handle når me får produkt til den kvaliteten og prisen me treng her heime på Bømlo.

Avtalen vil og gje Finnås Sportsklubb kickback på alt sal som vert registrert i Sport 1 kundeklubb. Me oppfordrar difor alle medlemmane våre til å nytte seg av denne avtalen hjå Sport 1 Bømlo og på den måten støtte klubben.

    0