Idar Larsen

19. jan. 2021

Retningsliner for trening gjeldande frå onsdag 20. januar

I tråd med nye nasjonale retningsliner gjeldande frå onsdag 20. januar kan me no starte opp med trening igjen for dei fleste av våre aktivitetar. Fylgjande vert gjeldande i Finnås Sportsklubb frå og med onsdag 20.01.2021:

Felles for alle aktivitetar:

  • Deltaking skal registrerast i Rubic Laget Mitt for kvar enkelt aktivitet.

  • Nasjonale og lokale smittevernsreglar skal fylgjast.

Fotball i aldersbestemte klassar:

  • Trening kan gjennomførast som normalt, både innandørs og utandørs.

  • Fritak frå 1 meters regelen når det er naudsynt for å gjennomføre treninga.

  • Kampar og turnering vert utsatt.

Allidrett og turn:

  • Trening kan gjennomførast som normalt, både innandørs og utandørs.

  • Fritak frå 1 meters regelen når det er naudsynt for å gjennomføre treninga.

Aerobic og Zumba:

  • Trening kan gjennomførast som normalt, både innandørs og utandørs.

  • Maks 8 deltakerar på innandørstrening.

  • 2 meters avstand skal haldast til andre deltakerar.

Oldboys og Jokerliga:

  • Desse aktivitetane startar ikkje opp i denne omgang.

    0