Årsmøte 2021

Stad:

Dato:

Klokka:

Aldersgruppe:

Pris:

Digitalt via Zoom

Alle

Kr

0

Styret kallar med dette inn til Årsmøte i Finnås Sportsklubb.

 

Som fylgje av koronapandemien har styret beslutta at årsmøtet skal gjennomførast digitalt.

 

Alle som ynskjer å delta må melde seg på ved å trykkje påmeldingsknappen, eller melde seg på via Rubic Laget Mitt appen. Påmeldingsfrist er 20.02.2020

 

Ynskjer du meir informasjon om digitale årsmøter kan du lese om dette på NIF sine sider her.

 

Lenke til det digitale møtet vil bli tilsendt på den e-posten som er registrert i medlemssystemet vårt. Me vil og gjennomføre ein test dagen i førevegen slik at alle som ynskjer får moglegheit til å teste at dei får til å koble seg opp. Informasjon om tidspunkt vil bli sendt ilag med lenka.

 

Saker som ein ynskjer tatt opp på årsmøtet må meldast til styret seinast 16.02.2020. Du kan sende inn forslag via den digitale forslagslagskassen vår her.

 

Fullstendig sakliste med naudsynte saksdokument vil bli gjort tilgjengelig på nettsidene våre seinast ei veke før møtet.

 

For å ha stemmerett på årsmøtet må ein ha vore medlem av Finnås Sportsklubb i minst ein månad, fylle 15 år i 2021 og gjort opp sine økonomiske forpliktelsar til klubben. Alle medlemmer har uansett møterett, talerett og forslagsrett.

 

Med vennleg helsing,

Styret i Finnås Sportsklubb

© 2020 - 2021 Finnås Sportsklubb

Einingsregisteret 987 062 258

Registrert i Frivilligregisteret

Motorsportvegen 3

5437 Finnås

  • Facebook

- Fotball - Allidrett - Barnetrim - Aerobic - Zumba -