top of page

Tur til Brann Stadion - Brann-Stabæk

betalingslogoer.png
Tur til Brann Stadion - Brann-Stabæk

Stad:

Dato:

Klokka:

Aldersgruppe:

Pris:

Brann Stadion

søndag 17. oktober 2021

10:30

Alle

Kr

200

For arrangement med påmeldingsavgift er betalingsløysinga integrert i påmeldinga

Finnås Sportsklubb inviterer til busstur til Brann Stadion og kampen mellom Brann og Stabæk.

 

Turen er open for alle aldersgrupper men personar under 16 år må vere i fylgje med ein vaksen. Ein vaksen kan ha ansvar for så mange under 16 år som ein sjølv ynskjer.

 

Bussen går frå Kulleseidkanalen kl 12:30. På Brann Stadion vil me få servert pizza før kampen. Om mogleg vil me og få besøk av spelarar som ikkje er i kamptroppen.

 

Pris for FSK medlemmer: Kr 200,- pr. person. Utsolgt.

Pris for ikkje medlemmer: Kr 300,- pr. person. Utsolgt.

 

Fram til og med 2.10 er påmeldinga kun open for FSK sine medlemmer. Frå 3.10 opnar me opp for at også dei som ikkje er medlem kan melde seg på (med atterhald om ledige plassar). Me har plass til 50 påmeldte.

 

Prisen inkluderer:

  • Buss frå Kulleseidkanalen kl 12:30
  • Billett til kampen Brann - Stabæk kl 17:00
  • Samlingslokale på Brann Stadion før kampen
  • Pizza
  • Mogleg besøk av spelarar som ikkje er i kampoppsettet
  • Buss tilbake til Kulleseidkanalen med ankomst ca kl 22:00

 

Det kan vere lurt å ta med niste i tillegg til pizzaen som vert servert på stadion.

 

Dette vert gøy. Meld deg på!

Joker_bakgrunn.png
Joker_bakgrunn.png
Joker_bakgrunn.png
bottom of page