Familiedugnad


Stad:
Dato:
Klokka:
Aldersgruppe:
Pris:
VÃ¥ge Idrettsplass
lørdag 8. oktober 2022
08:00
Alle
Kr
0
For arrangement med påmeldingsavgift er betalingsløysinga integrert i påmeldinga
Me er klare for ein ny kjekk dag for heile familien på Våge Idrettsplass. Denne gongen vert det ikkje kiosksal, så ta gjerne med litt å bite i. Saft og kaffi vert tilgjengeleg.
Â
Ungane synest det er kjekt å møtast på same måte som dei vaksne, så alle er velkommen. Om du vil vere med å arbeide eller berre stikk innom for ein drøs er heilt opp til deg sjølv.
Â
Me startar kl 10:00, men du kjem og går når det passer deg. Om du er med i 30 minutt eller 4 timar spelar ingen rolle, alle bidrag hjelper på. Har du verktøy å bruke kan du ta med dette, men ein er sjølvsagt like velkommen uten.
Â
Skulle det dra seg til utover dagen og nisteboksen vert tom finn me på ei lur løysing for dette.
Â
Litt om dei oppgavene me tenker å ta fatt på:
Â
Oppføring av ball- og klatrevegg.
- Denne har stått på agendaen ei stund så me ser fram til å få dette prosjektet i havn. Hammar, sag, skrumaskin etc. er kjekke verktøy å ta med.
Â
Ferdigstilling av midlertidig E-sportrom og rydding av klubbhuset.
- Det er mykje papp og isopor etter utpakking av utstyr. I tillegg har me eit heilt toalett fullt i ulike remedier me ikkje treng. Alt dette har me planar om å servere SIM. Har du ein god tilhengar er det til god hjelp. FSK dekker kjøre- og leveringsutgifter.
Â
Rydding av skog og buskas rundt brakkeriggen.
- Det er ikkje måte på kor god vekst det er bak brakkene. Me treng å få rydda nedover skråningen. Mest sannsynleg finn ein eit heilt skattekammer med fotballar når det opnar seg opp. Hanskar, motorsag, ryddesag, greinsaks o.l. er kjekt verktøy til dette.
Â
Fortsette arbeid med renovering av brakkerigg.
- Det gjenstår litt innvendig riving, blant anna ei trapp som vert til overs. Når dette er gjort er me klare for bygge opp igjen. Også her treng me tilhengar. Ellers er hammar, sag og anna snekkerverktøy kjekt å ha med. Me skal og gjere eit forsøk på å heve eine hjørne som har vore litt dårleg fundamentert. To gode garasjejekkar trengst til dette.
- Ryk det opp til skikkelig godvèr kan det hende me finn fram eit spann med beis og.
Â
Kle opp tribunevegg på øverste trinn.
- Etter at bakerste stolrad vart fjerna er det litt for enkelt for ein ivrig tilskodar å klatre på veggen. Kledningen må på plass igjen. Sag og skrumaskin kan vere kjekt å ha.
Â
Generell rydding og plukking av søppel.
- Det er kjekkast rundt banen når det er fritt for søppel. Me treng å rydde litt opp og plukke søppel.


