top of page

Busstur til Brann Stadion - Brann-Stjørdalsblink

betalingslogoer.png
Busstur til Brann Stadion - Brann-Stjørdalsblink

Stad:

Dato:

Klokka:

Aldersgruppe:

Pris:

Kuleseidkanalen - Brann Stadion

søndag 2. oktober 2022

07:30

Alle

Kr

500

For arrangement med påmeldingsavgift er betalingsløysinga integrert i påmeldinga

Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til busstur til Brann Stadion. Denne gongen til kampen mellom Brann og Stjørdalsblink.

 

Turen er open for alle aldersgrupper, men personar under 16 år må vere i fylgje med ein vaksen. Ein vaksen kan ha ansvar for så mange under 16 år som ein sjølv ynskjer.

 

Bussen går frå Kuleseidkanalen kl 09:30. På Brann Stadion vil me få servert pizza før kampen. Om mogleg vil me og få besøk av spelarar som ikkje er i kamptroppen.

  • Pris for FSK sine medlemmer: Kr 400,- pr. person ved bestilling innan 18.09.
  • Pris for alle fra og med 19.09: Kr 500,- per. person.

Fram til og med 18.09 er påmeldinga kun open for FSK sine medlemmer, og kvar billett kostar Kr 400,- Frå 19.09 opnar me opp for at også dei som ikkje er medlem kan kjøpe billett (med atterhald om ledige plassar), prisen er då Kr 500,- per billett, også for medlemmer. Me har plass til 52 påmeldte.

 

Prisen inkluderer:

  • Buss frå Kuleseidkanalen kl 09:30
  • Samlingslokale på Brann Stadion før kampen
  • Pizza og brus
  • Mogleg besøk av spelarar som ikkje er i kampoppsettet
  • Billett til kampen Brann - Stjørdalsblink kl 14:00
  • Buss tilbake til Kuleseidkanalen med ankomst ca kl 19:00

 

Det kan vere lurt å ta med niste i tillegg til pizzaen som vert servert på stadion. Varme klede, sitteunderlag og eit pledd til dei mest frostige kan vere fornuftig å pakke i sekken.

 

Dette vert gøy. Meld deg på!

Joker_bakgrunn.png
Joker_bakgrunn.png
Joker_bakgrunn.png
bottom of page