top of page

Referat tidligare arrangement

Informasjon

Navn på arrangementet

Påskeeggjakt på Hovda

Stad:

Hovda

Dato:

fredag 2. april 2021

Klokka:

Image-empty-state.png

18:00

Aldersgruppe:

Alle

Pris:

0

Beskrivelse

Bli med på påskeeggjakt!

 

I løypa opp til Hovda vert det hengt opp påskeegg. Kor mange egg finn du?

 

Jakta startar onsdag 31. mars kl 10:00 og varer til fredag 2. april kl 20:00.

 

Egga er å finne i løypetraseen som går frå Vordnesvegen til Hovda. Me anbefalar å nytte parkeringsplassen ved Våge Skule. Informasjon om heile løypa finn du her. Du kan sjølvsagt velge å gå heile rundløypa eller berre opp og ned løypedelen med egg.

 

Tel alle egga du finn på vegen, trykk deretter knappen "påmelding" og registrer navn, telefonnummer og antal egg. Registreringa opnar onsdag kl 10:00. Du vert med i trekninga av påskeegg blandt anna sponsa av Joker Finnås. Vinnaren vert publisert fredag kveld og kan hente egget på Joker i løpet av laurdagen.

 

Kvar person kan kun delta ein gong, men alle i husstanden kan registrerast kvar for seg.

Referat

12 laminerte påskeegg vart hengt opp i løypa frå Vordnesvegen til Hovda. Arrangementet vart annonsert på nettsida og facebook. Registrering vart gjort via skjema på nettsida. 134 personar registrerte seg. Det var gratis å delta.

 

Joker Finnås sponsa 1 egg, FSK 4.

 

Sponsor vart kreditert i kommunikasjonen. Dette er viktig å hugse også for framtidige arrangement.

 

Det var ikkje lagt opp til kontrollfunksjonar for å hindre juks då dette var eit gratisarrangement. Ved liknande betalte arrangement må ein legge inn betre sikring for å hindre evt. juks.

bottom of page