Referat tidligare arrangement
Informasjon
Navn på arrangementet
Infomøte E-sport
Stad:
Klubbhuset, Våge
Dato:
onsdag 5. oktober 2022
Klokka:

17:00
Aldersgruppe:
12-17 år
Pris:
0
Beskrivelse
Infomøte E-sport
Endeleg begynner E-sportbrikkene våre å falle på plass. Onsdag 5. oktober kl 19:00 kjører me infomøte for dei som er interesserte i å bli med som utøvar, samt føresette som ynskjer meir informasjom om kva E-sport handlar om.
Infomøtet vert på klubbhuset vårt på Våge. Me held på å bygge heilt nytt E-sportrom i servicebygget vårt som me håpar er klart på vårparten til neste år. Me riggar eit midlertidig rom i klubbhuset fram til permanent lokale er klart.
Dei første gruppene me startar opp er delt i aldersgruppene 12-14 år og 15-17 år. Det er mogleg me også tek med eldre utøverar, så interesserte er velkommen. I løpet av møtet kan dei som er interesserte skrive seg opp på venteliste. Det er dessverre mogleg me ikkje klarar å få plass til alle i fyrste omgang, men me skal gjere det me kan for å skape eit tilbod til alle som ynskjer.
Det er trening i klubbhuset fram til møtet startar, så det kan vere lurt å ikkje stille alt for tidlig.
Me gledar oss til å treffe deg. Vel møtt!