Referat tidligare arrangement
Informasjon
Navn på arrangementet
Busstur til Brann Stadion - Brann-Stjørdalsblink
Stad:
Kuleseidkanalen - Brann Stadion
Dato:
søndag 2. oktober 2022
Klokka:

07:30
Aldersgruppe:
Alle
Pris:
500
Beskrivelse
Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til busstur til Brann Stadion. Denne gongen til kampen mellom Brann og Stjørdalsblink.
Turen er open for alle aldersgrupper, men personar under 16 år må vere i fylgje med ein vaksen. Ein vaksen kan ha ansvar for så mange under 16 år som ein sjølv ynskjer.
Bussen går frå Kuleseidkanalen kl 09:30. På Brann Stadion vil me få servert pizza før kampen. Om mogleg vil me og få besøk av spelarar som ikkje er i kamptroppen.
- Pris for FSK sine medlemmer: Kr 400,- pr. person ved bestilling innan 18.09.
- Pris for alle fra og med 19.09: Kr 500,- per. person.
Fram til og med 18.09 er påmeldinga kun open for FSK sine medlemmer, og kvar billett kostar Kr 400,- Frå 19.09 opnar me opp for at også dei som ikkje er medlem kan kjøpe billett (med atterhald om ledige plassar), prisen er då Kr 500,- per billett, også for medlemmer. Me har plass til 52 påmeldte.
Prisen inkluderer:
- Buss frå Kuleseidkanalen kl 09:30
- Samlingslokale på Brann Stadion før kampen
- Pizza og brus
- Mogleg besøk av spelarar som ikkje er i kampoppsettet
- Billett til kampen Brann - Stjørdalsblink kl 14:00
- Buss tilbake til Kuleseidkanalen med ankomst ca kl 19:00
Det kan vere lurt å ta med niste i tillegg til pizzaen som vert servert på stadion. Varme klede, sitteunderlag og eit pledd til dei mest frostige kan vere fornuftig å pakke i sekken.
Dette vert gøy. Meld deg på!