top of page

Referat tidligare arrangement

Informasjon

Navn på arrangementet

Barnebingo for 4.-7. klasse

Stad:

FSK Klubbhus (Festsalen)

Dato:

søndag 1. november 2020

Klokka:

Image-empty-state.png

11:30

Aldersgruppe:

4. - 7. klasse

Pris:

250

Beskrivelse

Me arrangerer bingo med flotte premiar for 4. - 7. klasse i festsalen på klubbhuset vårt. Prisen inkluderer pølse i brød, brus og sjølvsagt bingoblokker.

 

Me forventar å avslutte ca kl 15:30

 

På grunn av koronarestriksjonar er det kun plass til 40 deltakarar på dette arrangementet.

 

Obs: Ein treng ikkje vere medlem i FSK for å delta.

 

Me gledar oss til å treffe deg!

 

Referat

Planlegging

Blei gjort på møte via Teams. Sjå eige dokument med arbeidsliste. Dette ligg tilgjengelig i økonomiutvalet si Drive-mappe i dokumentarkivet for seinare bruk.

 

Gjennomføring:

6 rundar + superbingo. Mat servert etter tre rundar (rekna ca. 2 pølser per person og ei brus). Det tok akkurat tre timar.

 

Innkjøp gjort av Anette og Bergljot.

 

Premieoversikt barnebingo:

Premier kjøpt på Europris (vurdera innkjøp på Finnås?):

1 rekke – Skattekiste godtepose ca 25kr

2 rekker – Innpakka godtepose ca 50kr??

3 rekker- Skattekiste godtepose, innpakka godtepose, 1 colaboks, 1 stratos bar ca 20kr,

1 chipsletten (glutenfri type pringles) ca 15kr oppi en gavepose til ca 20kr

(Me kjøpte ein 10 pk med coca cola brusbokser som me delte opp i bingo premier og til aktivitetsdag)

 

Superbingo:

Samme premie som 3 rekker pluss gavekort på 2 kinobilletter (fått av Bømlo Kino).

 

Evaluering premiar:

Ein bør kjøpa inn eit par ekstra premiar til eventuell dobbel-bingo.

 

Innkjøp Aktivitetsdag:

Premie for deltakelse: Sjokolademedalje

Takk for hjelpen gave til ungdom: det samme som 3 rekker på bingo.

 

Oppsummert:

Handla for ca 2500 i premier til bingo og aktivitetsdag.

Innkjøp mat begge aktivitetar, gjort av Anne Grethe og Svenn Audun.

• 40 brus

• 30 små juice

• 110 pølser + brød

• Ketsjup

• Sennep

• 3 sprøsteikt løk

• Serviettar

• Håndsprit

• Kaffi

Rest

• 3 pakker pølser

• 1 kasse brus (retur)

• 10 juice

Det var både ketsjup og sennep på klubbhuset. Neste gong kan ein sjekke kva som allereie er på huset, og om dette eventuelt kan brukast.

 

Evaluering mat:

Bestilling blei gjort på Joker 3-4 dagar før gjennomføring.

Det var rekna ca. ei pølse per person på aktivitetsdagen + ei juice. Det var rekna ca. to pølser per person + ei brus på bingoen. Hugs å kjøp ekstra mat til dei som er med på arrangementa. Frist for påmelding var dagen før, og ein kunne av den grunn ikkje bestille nøyaktig antall.

Hugs å bestill eit glutenfritt alternativ.

 

Evaluering barnebingo.

Eit vellukka arrangement. Det kom nokre tilbakemeldingar på at det var dyrt med 250 kr. Det blei lagt ut ei melding om at ein kunne ta kontakt dersom ein ville delta, men at det blei for dyrt. Eventuelt kan ein vurdere ein makspris dersom ein har fleire born som skal delta.

 

bottom of page